Både Nordhordlandshallen og Lindåshallen er opne for barn og ungdomar i haustferien.

Både Nordhordlandshallen og Lindåshallen er opne for barn og ungdomar i haustferien.

Open hall i haustferien!

Barn og ungdom er velkomne til open hall i Nordhordlandshallen og Lindåshallen i haustferien.

I samarbeid med Nordhordland Ballklubb og Lindås Idrettslag, inviterer Lindås kommune til open hall alle kvardagane i haustferien 10. til 14. oktober 2016. 

Open hall er eit tilbod for barn og ungdom i Lindås kommune. Barn under 10 år kan kome i følgje med ein vaksen.

Opningstida i Nordhordlandshallen er 12.00 til 16.00 måndag til fredag.

Opningstida i Lindåshallen er 12.00 til 17.00 måndag til fredag.

Vi ber foreldra om ikkje å senda barna til hallen før klokka 12.00. Borna vil møte låste dører før 12.00, sidan hallane ikkje er bemanna utanfor opningstida for open hall. 

 

Har du spørsmål om open hall? 

Ta kontakt med kontakt Atle Vaage.
Mobil: 94530126
E-post: atle.vaage@lindas.kommune.no

Web levert av CustomPublish