Mongstad er ei industriklynge med meir enn 100 bedrifter.

Mongstad er ei industriklynge med meir enn 100 bedrifter.

Ope møte om ilandføring av olje frå Johan Sverdrup

Onsdag inviterer  Austrheim og Lindås til eit informasjonsmøte om byggjeaktivitet og milepælar knytt til arbeidet med ilandføring av olje frå Johan Sverdrup.

For Austrheim og Lindås sin del vil utbygginga innebere ei 12 km lang røyrleidning frå Hoplandsvik til Mongstad. Traseen for oljerøyret er ikkje endeleg avklart. Kommunane og Statoil ønskjer likevel å invitere til eit møte no – for å sikre at innbyggjarar i kommunane får tidleg informasjon.

- Fleire representantar frå Statoil kjem på møtet, for å informere og svare på spørsmål frå salen. Vi set pris på at Statoil legg opp til ein open prosess, og håpar folk kjem på møtet, seier ordførar Per Lerøy.

Møtet finn stad på samfunnshuset i Austrheim onsdag 19. mars kl 17.00 - 19.00.

Johan Sverdrup-feltet er mellom dei største oljefelta på norsk sokkel, og vil på maksimal produksjon stå for 25 prosent av oljeproduksjonen på norsk sokkel. Produksjonen frå gigantfeltet er venta å starte på slutten av 2019.

 

Johan Sverdrup-fakta

  • Johan Sverdrup er eit oljefelt
  • Oljefeltet ligg på Utsirahøgda i Nordsjøen, 140 km vest for Stavanger
  • Plan for utbygging og drift (PUD) skal til handsaming i Stortinget våren 2015
  • Produksjonen er venta å starte på slutten av 2019
  • Feltet har ein produksjonshorisont til 2050
Web levert av CustomPublish