Lindåsprosjektet

Velkommen til informasjonssida om forsking på - og bruk av - omsorgsteknologi i Lindås kommune.

Lindåsprosjektet er eit 3-årig forskingsprosjekt. Spørsmålet er korleis omsorgsteknologi påverkar brukarar, pårørande, tilsette og organisering av heimetenesta?

Teknologien vert brukt for å auke sikkerheita og kjensla av tryggleik i eigen heim. I praksis består teknologien av ulike sensorar, som er kopla mot ein bemanna sentral. Fallsensor og eit teppe som registrerer fukt i senga, er eksempel på teknologi som vert brukt og testa ut.

På desse sidene kan du følgje utviklinga til prosjektet. Her vil vi dele avisartiklar, siste nytt om prosjektet og opne døra til sjølve prosjektet - slik at du kan lære meir og bli inspirert.

Bruk av omsorgsteknologi i heimetenesta er nybrotsarbeid. Inspirasjon til prosjektet er henta frå Storbritannia. Der har dei kome langt, og brukt teknologien som eit aktivt hjelpemiddel i fleire år. Her heime, er Lindås den kommunen i landet som har kome lengst. Vi driv forsking i verkelegheita - og inviterer brukarar i kommunen til å ta i bruk teknologien - på line med dei andre ordinære tenestetilboda i Lindås.

Ønskjer du informasjon utover det som står her? Ta kontakt med prosjektleiar Kari Bjørkheim.

Web levert av CustomPublish