Omsorgsstønad

Du kan søke omsorgsstønad dersom du har særleg tyngande omsorgsarbeid i heimen. Omsorgsstønad er det vi tidlegare kalla for omsorgslønn.

Målet er at familien kan halde fram å ha omsorg for sine næraste. Vedtak om hjelpestønad blir samordna med omsorgsstønad og anna form for avlasting.

Kva får du?

  • Du får godtgjersle for dei timane vi gir deg til pleie- og omsorgsarbeid i heimen kvar månad.
  • Du får kontrakt med opplysningar om timar per veke, lønn og andre vilkår.

Krav til søkjar

  • Han eller ho som mottar omsorg må bu heime.
  • Arbeidet må vere særleg tyngande og gjelde nødvendige oppgåver.
  • Ilag med oss, må du vurdere om omsorgsstønad er det beste alternativet saman med eventuelt andre hjelpetiltak.
  • Dersom du ikkje har søkt om hjelpestønad frå NAV, må du søkje om dette.

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Vi behandlar alle søknadane etter kvart som dei kjem inn til oss.

Slik søkjer du

Trykk her for å gå til felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester.

Slik grunngir du søknaden:

  • Kor mange timar per månad brukar du på omsorgsarbeidet?
  • Er arbeidet meir fysisk eller psykisk tyngande?
  • Førar omsorgsarbeidet til mykje arbeid om natta?
  • Yter du omsorgsarbeid i periodar eller heile tida?
  • Fører omsorgsarbeidet til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid?
  • Har du omsorg for meir enn ein person?

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.

 

Web levert av CustomPublish