Omsorgsbustad

Eldre, sjuke, funksjonshemma og andre som treng tilpassa bustad, kan søkje om å få leige ein omsorgsbustad.

Omsorgsbustaden er tilpassa rørslehemma og bygd slik at du kan motta nødvendige pleie- og omsorgstenester. Bustaden er din eigen heim, og tildeling av heimetenester skjer som for andre heimebuande.

For å sikre at du får det tilbodet som passer best for deg, kjem vi vanlegvis på heimebesøk. Avtale om heimebesøk gjer vi med deg eller den du har gitt fullmakt.

Trykk her for å lese om omsorgsbustad med døgnbemanning (omsorgsbustad pluss).

Kva får du?

  • du får ein tilpassa bustad
  • du kan søkje om bustøtte frå Husbanken

Krav til søkjar

  • du er 18 år eller eldre
  • du må ha legeuttale
  • du må ha eit fysisk eller psykisk funksjonstap
  • du må betale husleige

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Vi behandlar alle søknadane etter kvart som dei kjem inn til oss.

Slik søkjer du

Trykk her for å gå til søknadsskjema for bustad.

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.

Les meir

Trykk her for å laste ned retningslinjene våre for tildeling av bustad.

Web levert av CustomPublish