Omsorgsbustad pluss

«Omsorgsbustad pluss» er eit tilbod til deg som ikkje har behov for sjukeheimsplass, men likevel ikkje klarar å bu heime i eigen bustad. Dette er eit butilbod med bemanning heile døgnet.

Vi har «omsorgsbustad pluss» for ulike målgrupper:

  • eldre
  • personar med psykiske plager 
  • personar med utviklingshemming

Kva får du?

  • Du kan delta på aktivitetar og vere dela av eit sosialt fellesskap
  • Du får tilpassa bustad
  • Du får nærleik til personell
  • Du får tilbod om å delta i fellesmåltid

Krav til søkjar

  • Du må ha store vanskar med å klare deg i eigen bustad
  • Bustaden du bur i no må vere ueigna:
    - fordi den ikkje er tilrettelagt etter ditt funksjonstap
    - fordi du har nedsett funksjonsevne
    - fordi du er einsam og utrygg der du bur i dag

Kva kostar det?

Du må betale husleige for kvar månad. Husleiga er ulik for ulike bustader. Ta kontakt med forvaltningskontoret for å få meir informasjon om husleiga. Vi krev ikkje depositum. Du kan søkje om bustønad.

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Vi behandlar alle søknadane etter kvart som dei kjem inn til oss.

Slik søkjer du

Trykk her for å gå til søknadsskjema for bustad.

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.

Les meir

Trykk her for å laste ned retningslinjene våre for tildeling av bustad.

Web levert av CustomPublish