Om å senda post til Lindås kommune

Lindås kommune har eit mål om at vi skal vera "gjennomsiktige", slik at alle kan sjå kva som skjer i kommunen. Samstundes handsamar kommunen mykje informasjon som er underlagt teieplikt.  

Alle arkivverdige dokument vil bli vurderte med tanke på offentleggjering. Dette gjeld både brev og e-post til og frå kommunen, samt ei rekkje "interne dokument". Lindås kommune behandlar e-post og brevpost på same måte når det gjeld sakshandsaming

For nærare informasjon om reglane som gjeld for offentleggjering og teieplikt, sjå "Rettleiar til offentleglova". 

Her finn du lenker til offentleglova og forvaltningslova og (arkivlova) som regulerer journalføringsplikt.

Nærare om e-post til kommunen:

  • E-post til kommunen bør innehalde fullt namn, men ikkje andre personopplysningar som til dømes fødselsnummer eller personnummer, jf. personopplysningsloven § 2 nr. 1)
  • NB: Send aldri sensitiv informasjon per e-post, til dømes opplysningar om helsetilhøve eller diagnosar, jf. personopplysningsloven § 2 nr. 8
  • Vi har fleire elektroniske skjema på heimesida. Det er trygt å sende opplysningar til kommunen på denne måten. Der det ikkje finst eit elektronisk skjema, må du skrive ut skjemaet på papir, signere det og sende det til kommunen. 
Skriv ut Skriv ut
Web levert av CustomPublish