Offentleg ettersyn av søknad om utviding av maksimal tillate biomasse ved akvakulturlokalitet Rekeviki

Blom Fiskeppdrett søker om utviding av biomasse på lokalitet 10086 Rekeviki i Lindås kommune. Bakgrunn for søknaden er at selskapet er i ein moderniseringsfase og satsar på produksjon av stor smolt. Dette gjer at fisken veks raskare og dermed står kortare tid i sjøen. Som ein følgje av dette når dei små lokalitetane raskt si kapasitetsavgrensing. På bakgrunn av dette vert det søkt om utviding av maksimal biomasse frå 1560 tonn til 3120 tonn på lokaliteten. Det vert ikkje søkt om endra arealbruk.

Dispensasjon til noverande plassering av anlegget er gitt av Lindås kommune 04.03.2015.

Lindås kommune skal vurdere saka ut i frå plan- og bygningslova  og ber om innspel i saka. Etter høyringsperioden vil eventuelle merknader verte vurdert og sendt saman med kommunen si uttale til Hordaland Fylkeskommune som gjer endeleg avgjerd  i saka.

Dokumenta i saka kan ein finne via linkane under, eller via innsynsverktyet på heimesida. Søk då på saksnummer 14/7124. Dokumenta vil også bli lagt ut i ekspedisjonen på rådhuset.

Me ber om at eventuelle merknader til søknaden vert sendt innan 8. oktober 2016 til:

Lindås kommune, Arealplan, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø, via elektronisk skjema eller til postmottak@lindas.kommune.no.

Web levert av CustomPublish