Offentleg ettersyn av søknad om auka maksimalt tillaten biomasse for akvakulturlokalitet Langøy

Eide Fjordbruk AS og Fyllingsnes Fisk AS søker om løyve til auka maksimal tillaten biomasse i eksisterande anlegg for oppdrett av matfisk av laks og aure på lokalitet 26295 Langøy i Lindås kommune. Søknaden gjeld utviding av maksimal biomasse frå 3120 tonn til 4680 tonn. Bakgrunn for søknaden er at lokaliteten er svært godt eigna for matproduksjon og at ein har oppnådd svært gode biologiske resultat på lokaliteten. Ein ynskjer difor å utvide den maksimale biomassen som kan stå i anlegget. Det er ikkje søkt om endring av anlegget.

Dispensasjon til noverande plassering av anlegget er gitt av Lindås kommune 04.03.2015.

Lindås kommune skal vurdere saka ut i frå plan- og bygningslova  og ber om innspel i saka. Etter høyringsperioden vil eventuelle merknader verte vurdert og sendt saman med kommunen si uttale til Hordaland Fylkeskommune som gjer endeleg avgjerd  i saka.

Dokumenta i saka kan ein finne via linkane under, eller via innsynsverktyet på heimesida. Søk då på saksnummer 14/1846. Dokumenta vil også bli lagt ut i ekspedisjonen på rådhuset.

Me ber om at eventuelle merknader til søknaden vert sendt innan 8. oktober 2016 til:

Lindås kommune, Arealplan, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø, via elektronisk skjema eller til postmottak@lindas.kommune.no.

Web levert av CustomPublish