Søknadsfristen for leilegheitene i Hordasmibakken er 20.januar 2017.

Søknadsfristen for leilegheitene i Hordasmibakken er 20.januar 2017.

Ønskjer du å kjøpe bustad i Hordasmibakken?

Bustadprosjektet i Hordasmibakken i Knarvik består av 20 prisgunstige leilegheiter, og er meint for unge i etableringsfasen og andre med tilsvarande utfordringar med å etablere seg i bustadmarknaden. Utbyggar og seljar er Byggmester Markhus AS.

Trykk her for å lese meir om prosjektet i Finn-annonsa til Byggmester Markhus.

Lindås kommune skal utpeike kjøpar til 10 av leilegheitene gjennom loddtrekning, og tek no imot søknadar om å delta i loddtrekninga.

Søkjar som får tildelt bustad, får rett til å inngå kontrakt om levering av bustaden med Byggmester Markhus AS. Lindås kommune skal berre tildele leilegheitene, og har ingenting med kontraktstilhøve og eventuelle krav som har utspring i dette. 

Kven kan søkje?

Loddtrekninga vil skje i tråd med reglar fastsett av Lindås kommunestyre den 15. desember 2016.

Trykk her for å laste ned retningsliner for tildeling av bustadene.

For å kunne vere med i loddtrekninga må du oppfylle følgjande vilkår:

  • Søkjar må oppfylle vilkåra for startlån.
  • Søkjar og/eller ektefelle/sambuar/registrert partnar må være mellom 18 og 35 år på søkjetidspunktet.
  • Søkjar og/eller ektefelle/sambuar/registrert partnar skal ikkje heilt eller delvis eige eller ha eigd fast eigedom i Noreg eller utlandet. Med fast eigedom reknast tomt, bustad, fritidsbustad, leilegheit i burettslag etc.
  • Søkjar og/eller ektefelle/sambuar/registrert partnar må ha registrert adresse i Lindås kommune dei siste 5 åra, rekna utifrå søkjetidspunkt.

Slik søkjer du

Fyll ut og send søknaden til bustadkontoret.

Trykk her for å laste ned søknadsskjema.

Søknadsfristen er 20. januar 2017

Web levert av CustomPublish