Janne Sund skal løpe mila etter utfordring frå generalen i Knarvikmila, Helge Brekke.

Janne Sund skal løpe mila etter utfordring frå generalen i Knarvikmila, Helge Brekke.

Økonomisjefen trenar for Knarvikmila

Janne Sund var ikkje i tvil, då generalen i Knarvikmila, Helge Brekke, kom med utfordringa.

– Svaret sa seg sjølv. Eg vil sjølvsagt trene for Knarvikmila!, fortel Janne Sund.

Økonomisjefen i Lindås kommune tar gjerne ein joggetur når det passar, men synes det var godt å få ei forpliktande utfordring.

Med trening for Knarvikmila følgjer nemleg eit opplegg. Knarvikmila har både laga eit ferdiglaga treningsprogram – og inviterer til fellestrening kvar måndag og torsdag. Fellestreningane har oppmøtetid klokka 19.00 på Knarvik stadion – begge dagane.

Janne oppmodar alle som kan til å slenge seg på, og delta på desse fellestreningane.

– Set deg eit mål, og kom deg ut. Det er utruleg godt – og ikkje minst viktig – å halde seg i form, seier Janne og legg til:

– For meg handlar det mest om å leggje eit grunnlag for god helse, både no og når eg vert eldre. Og så synes eg det er kjekt å bidra til å løfte fram det gode folkehelsearbeidet til Knarvikmila, seier Janne.

I år går Knarvikmila av stabelen frå 29. august til 6. september. Programmet finn du på heimesida til knarvikmila.no/program. Der kan du i tillegg lese meir om dei ulike distansane, og melde deg på.

Økonomisjefen er ei av fleire, som har fått og tatt utfordringa til Helge Brekke. I Lindås kommune har sjølvaste ordførar Astrid Aarhus Byrknes latt seg lokke med. I tillegg stiller andre tilsette frå mellom anna helseeininga til kommunen.

 

Web levert av CustomPublish