Nytt tobakksforbod for skular

Lova gjeld for alle som oppheld seg på skulen sine inne- og uteområde - og skal sikre at elevar i både grunnskulen og den vidaregåande skulen, får ei heilt tobakksfri skuletid.

I 2013 vedtok Stortinget ei omfattande endring i tobakksskadelova. Det nye punktet om ei tobakksfri skuletid for alle elevar i grunnskulen og dei vidaregåande skulane er ein del av dette. 

I lova, som trådte i kraft 1. juli 2014, heiter det mellom anna at:

"§ 27 - Tobakksbruk er forbudt i grunnskoler og videregående skolers lokaler og uteområder. Elever ved grunnskoler og videregåande skoler skal være tobakkfrie i skoletiden."

Lova gjeld først og fremst elevar, men det første punktet om totalforbod i skulen sine lokalar og uteområde gjeld alle, både foreldre, besøkande og tilsette.

I eit informasjonsskriv til norske kommunar, vert skulane i landet oppmoda til å ta inn tobakkforbodet i sine ordensreglement. Ifølgje Helsedirektoratet bør regelverket peike på:

  1. Reglar om åtferd
  2. Reglar om tiltak ved eventuelle brot
  3. Reglar om korleis skulen skal gå fram når dei handterer eit eventuelt brot

For meir informasjon om den utvida røyelova og råd til skuleeigar og rektorar, les heile informasjonsskrivet frå Helsedirektoratet - trykk her for å opne skrivet.

Web levert av CustomPublish