Mobbeombod Mari-Kristine Morberg.

Nytt tilbod: Mobbeombod

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Frå august 2018 er mobbeombodet i Hordaland eit tilbod til alle barn og unge (og foreldra deira) som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen. 

Mobbeombodet i Hordaland heiter Mari-Kristine Morberg.

Kva kan mobbeombodet hjelpe deg med?

Ho rettleiar i saker som handlar om psykososialt miljø, barnets rettar og korleis du kan gå fram om du ikkje har det bra.

Ta kontakt

Alle kan ta kontakt med mobbeombodet, til dømes på telefon 404 01 557 eller e-post mobbeombod@hfk.no.

Du kan følgje ombodet på Snapchat (mobbeombod) eller Facebook www.facebook.com/mobbeombodet.

Les meir

Du kan lese meir om ombodet og kva ho kan hjelpe deg med på www.hordaland.no/mobbeombod.

Web levert av CustomPublish