Nytt tilbod frå kreftforeininga og kommunen

kreftforeininga.jpg

Kreftforeningen og Lindås kommune treng no frivillige til å vera med og driva eit nytt tilbod for vaksne kreftramma, pårørande, etterletne og andre med alvorleg sjukdom i Nordhordland.

Tilbodet er todelt.  Lindås kommune vil tilby trening med rettleiing frå kommunen sin fysioterapeut i forkant av ein sosial møteplass i regi av Kreftforeininga. Frivillige blir ein viktig del for å drifta delar av tilbodet. Det vert difor invitert til eit uforpliktande informasjonsmøte på Knarvik Seniorsenter onsdag 2. april klokken 18.00.

Dei som melder seg som frivillige treng ikkje ha erfaring med kreft eller spesielle kvalifikasjonar, men som frivillig i Kreftforeininga må ein ha personlege eigenskapar til å møta menneske i ein utfordrande situasjon og eit ønskje om å vera der for andre. Alle frivillige får god opplæring og oppfølgjing fra Kreftforeininga. 

Planen er at tilboda skal vera i gang etter sommaren, med samlingar ein gong for månaden. Dersom det er eit behov og nok frivillige, kan det vera aktuelt å ha oftare treff.

Kreftforeininga har allereie liknande møtestader på Voss, i Førde, i Bergen sentrum og på Haukeland Universitetssykehus.

Susanne Lier Fagerbakke er kontaktperson for frivillige på Lindås. Har du spørsmål, kan du kontakta ho på mail: susanne.fagerbakke@kreftforeningen.no, eller telefon: 99579887.

Web levert av CustomPublish