Mongstad industriområde sett frå lufta.

Mongstad industriområde sett frå lufta.

Nytt oljeeventyr gir lokal verdiskaping

Ilandføring av olje frå gigantfeltet Johan Sverdrup lovar godt for det lokale næringslivet i Nordhordland. Berre anleggsarbeidet på Mongstad åleine, vil gi arbeid til 200 årsverk.

Pressemelding 3. november 2014:

Johan Sverdrup er eitt av dei største funna på norsk sokkel sidan midten av 80-talet, og vil utan tvil gi eit løft til norsk næringsliv. Av investeringane på 12 milliardar kroner knytt til ilandføring, reknar Statoil med at halvparten vil gå til norske leverandørar. Dette kom fram, då Statoil opna høyringsrunda for ei konsekvensutgreiing og kraftløysing for feltet. Utgreiinga gir grunn til lokal optimisme.

Næringssjef Øystein Sørhaug gler seg til vekst og nyetableringar i det lokale næringslivet, og vil gjere alt han kan for å sikre at dei lokale bedriftene får sin del av kaka.

– Utbygginga vil både sikre og skape nye arbeidsplassar. Eg er viss på at dei lokale bygg- og anleggsbedriftene vil få nok å gjere i tida framover, seier Sørhaug.

Kommunane har tett dialog med Statoil, som allereie har lova å invitere dei lokale bedriftene til eit leverandørmøte på nyåret. Målet med møtet er å vise korleis bedrifter i og rundt Nordhordland dei kan kome i posisjon til å levere varer og tenester til gigantprosjektet.

I Nordhordland reknar Statoil med at utbygginga vil generer kring 200 årsverk i direkte anleggsarbeid frå 2016 til 2019. Tala er eventyrlege for regionen, og gler sjølvsagt også ordførarane i vertskommunane Austrheim og Lindås.

– Dette er ei gladmelding på linje med oljeeventyret på 70-talet. Gigantfeltet Johan Sverdrup er framtida vår, og vil sikre energiforsyning og gi arbeidsplassar både nasjonalt og regionalt. Det er klart vi gler oss, seier ordførar Astrid Aarhus Byrknes.

Både ho og ordføraren i Austrheim håpar på fleire dominoeffektar – og kryssar fingrane for at olja ikkje berre kjem i land, men vert raffinert på Mongstad.

– Utbygginga sikrar først og fremst drifta av Mongstad Terminal fram til 2060, men gir i tillegg håp om ei oppgradering av raffineriet – slik at også dette kan sikrast drift i mange tiår framover, seier Per Lerøy og legg til:

– Elles er det klart at dei fire åra med anleggsverksemd, vil skape mange positive ringverknader i distriktet. Her må vi jobbe for å skape vinn-vinn-situasjonar mellom utbyggjar, grunneigarar og kommunane.

Følg denne lenka, for å lese heile pressemeldinga til Statoil.

Web levert av CustomPublish