Nytt høgdegrunnlag i Lindås frå 6. juli

Viktig melding til alle utbyggarar, arkitektar, entreprenørar og landmålarar: Noreg er i ferd med å innføre eit nytt høgdesystem, NN2000.

Det nye høgdesystemet NN2000 erstattar eit gammalt høgdesystem frå 1954, NN1954.

Høgdesystemet er referansen som ligg til grunn når ein fortel kor mange meter over havet (moh.) noko ligg. Til dømes ein fjelltopp, eit vatn eller ein bygning.

Noreg hevar seg framleis etter istida og høgda endrar seg med opp til 5 millimeter i året. Med variasjon i ulike delar av landet. Difor vert nytt NN 2000 innført.

Høgdesystemet i bruk til no er NN1954. Det står for «normal null av 1954» og er eit 60 år gamalt system med sine feil og manglar. Nokre stader i landet er høgdane meir enn 30 centimeter for låge. Dette fordi NN1954 ikkje har vore korrigert for landhevinga dei siste 60 årene.

Lindås kommune innfører det nye høgdesystemet NN2000 den 6. juli 2015.

Nytt høgdegrunnlag i kommunane i Noreg

(Testen held fram under biletet)

NN2000.jpg

Kartdata som vert leverte av kommunen etter 6. juli 2015 har andre høgdeverdiar (andre z- koordinatar) enn dei har i høgdesystemet NN1954, som er nytta til no.

NN2000 er eit nytt nasjonalt høgdegrunnlag som omfattar alle kommunale og statlege kartdata. Skilnaden mellom gamal og ny høgdeverdi på same punkt vil vere inntil -11 cm i vår kommune.

Dette endrar ikkje grunnriss (x- og y-koordinatane) og endringa gjeld heller ikkje historiske eller analoge kart.

Skilnaden mellom NN1954 og NN2000

Kommunane har fram til i dag hatt normal null av 1954, forkorta til NN1954. Normal null 1954 er fysisk knytt til eit bestemt fastmerke ved Tregde vasstandsmålar i Mandal. NN1954 er eit over 60 år gamalt høgdesystem med betydelege manglar og feil. Det er mellom anna ikkje korrigert for landheving og endra middelvasstand. Ei medverkande årsak til at høgdeavmerkinga avvik frå dagens verkelegheit.

Det nye høgdesystemet NN2000 (Normal Null 2000), er eit felles nordisk vertikalt referansesystem som vil vere stabilt i lang tid framover. Nullnivå i NN2000 er representert ved ei referanseflate som harmonerer med middelvasstand i referanseåret 2000.

 Kvifor nytt høgdesystem?

  • einsarta homogent høgdesystem for heile landet, med kjend kvalitet,
  • høgdesystem som stemmer med «marka»,
  • referanseramma (fastmerka) må til ei kvar tid vere betre enn oppmålingsteknologien,
  • nøyaktige 3D-data og data frå lasarskanning stiller større krav til høgdegrunnlaget,
  • meir presis påvising av middelvassnivå er viktig for bygg og anleggsverksemd nær sjøen.

Konsekvensar

Skilnaden mellom NN1954 og NN2000 vil i Lindås kommune variere frå -11 cm til -5 cm. Endring av høgdereferanse krev ei omrekning av alle høgdeberande data som gjeld offentlege etatar, planleggarar, arkitektar, entreprenørar og landmålarar som jobbar i og for kommunen. Dei kommunale kartdatabasane som er tilgjengelege for sal i Lindås kommune eller via Kartverket, får nye NN2000- høgder frå 6. juli 2015. 


Det er viktig at brukarar av kommunen sine kartdata er merksame på denne overgangen og ikkje blandar gamle og nye data med ulik høgdereferanse.

Høgdene i ein GPS refererer seg til ellipsoiden. For å måle høgder i NN2000 må ein difor leggje inn ny geoidemodell/HREF-modell på måleboka, HREF2014C_NN2000_EUREF89.

Entreprenørar, landmålingsfirma og andre som vil ha tilgang til den nye HREF- høgdereferansemodellen kan ta kontakt med Kartverket. 


Merking av data

For å unngå mistydingar etter overgangen må kart, teikningar og dataleveransar merkast med korrekt avmerking av høgdereferanse! T.d. vil uttrekk av data til ei SOSI-fil etter gjennomføringsdato alltid bli koda med ...VERT-DATUM NN2000 i SOSI-fila sitt hovud. 


Kontakt Geodataavdelinga i kommunen eller les meir på http://www.kartverket.no/

Web levert av CustomPublish