Nytt folkemøte om kommunereform

Skal alle dei åtte kommunane i regionen slå seg saman til ein storkommune? Lindås kommune inviterer til nytt folkemøte om den nye intensjonsavtala.

Korleis ønskjer du at Lindås kommune skal sjå ut om fem, ti, tjue år? Kva er viktig for deg i ditt nærmiljø i åra som kjem? Ønskjer du at Lindås kommune skal bli del av ein større kommune? Kva kommunar meiner du at Lindås bør slå seg saman med?

I februar inviterte kommunen til fire folkemøte om kommunereform og intensjonsavtalen mellom Lindås, Meland og Radøy. Sidan har kommunen signert ein ny intensjonsavtale om samanslåing med alle kommunane i Norhordland.

For å spreie kunnskap om avtalen – og høyre dine innspel – inviterer vi difor til eit nytt folkemøte!

Tid: 6. april frå klokka 19.00 til 21.00
Stad: Grendahuset Strilatun på Seim

– Vi håpar flest mogleg finn vegen til dette møtet! Det er viktig for oss å dele kunnskap om reformen og dei ulike alternativa til Lindås kommune, seier fungerande ordførar Nina Bognøy.

På møtet får du ein grundig gjennomgang av den nye intensjonsavtalen mellom alle kommunane i Nordhordland. Det er også mogleg å kome med innspel.

– Vi som er politikarar skal ta ei endeleg avgjerd i juni. Det er difor viktig at folk engasjerer seg og får fram meiningane sine no, seier Bognøy.

Web levert av CustomPublish