NYTT BUSTADKONTOR: Øyvind Tjore, Elin Kvalheim Helland og Svein H. Gjerstad utgjer det nye bustadkontoret.

NYTT BUSTADKONTOR: Øyvind Tjore, Elin Kvalheim Helland og Svein H. Gjerstad utgjer det nye bustadkontoret.

Nytt bustadkontor i Lindås

Treng du startlån? Kommunal bustad? Hjelp til å tilpasse bustaden din? Då er det denne trioen som skal hjelpe deg.

Lindås kommune har samla alle tenester som handlar om bustad til eit eige kontor. Måndag 11. januar flyttar kontoret til driftsstasjonen på Alverflaten, og får adressa Stølen 7.

Det nye bustadkontoret høyrer til eigedomseininga. Tidlegare har desse tenestene lagt til bestillarkontoret, som no er delt i to:

  1. Bustadkontoret – der Svein H. Gjerstad blir fagleiar
  2. Forvaltningskontoret – der Margareth Samnøy er leiar

I tillegg til Svein H. Gjerstad består det nye bustadkontoret av Elin Kvalheim Helland og Øyvind Tjore. Alle tre får arbeidsstad på driftsstasjonen på Alverflaten.

For å yte best mogleg service til innbyggjarane i kommunen, blir det i tillegg oppretta ei vaktordning på rådhuset. Treng du hjelp til å finne det rette søknadsskjemaet eller ønskjer meir informasjon om ei av støtteordningane, kan du møte opp på bustadvakta i rådhuset måndagar og onsdagar.

Bustadvakta er open mellom 09.00 og 15.30 desse dagane. Det er lurt å ringe ekspedisjonen og gjere ein avtale på førehand.

 

Trykk her for å lese meir om tenestene til bustadkontoret.

 

Web levert av CustomPublish