Kjartan Nyhammer er nytilsett landbrukssjef i Lindås.

Kjartan Nyhammer er nytilsett landbrukssjef i Lindås.

Ny landbrukssjef i Lindås

Han vil bidra til å auke stoltheita til bøndene og gler seg til å vidareutvikle landbruket i kommunen.

Pressemelding 22. oktober 2014:

Kjartan Nyhammer har nett takka ja til jobben som landbrukssjef i Lindås kommune.

Nils Kaalaas, som er fagleiar for landbruk i dag, går over i ei rådgjevarstilling med hovudvekt på skog, når Nyhammar startar 1. februar.

– Eg gler meg til å ta fatt på denne utfordringa, og ønskjer å kome raskt i dialog med næringa, politikarar og andre sentrale samarbeidspartnarar, seier Nyhammer.

For tida jobbar han som distriktssjef i Tine Region Vest, men dei fleste hugsar han nok best frå tida som landbrukssjef i Radøy kommune og ringleiar i Nordhordland Forsøksring.

Nyhammer er utdanna ved husdyrlina på Norges Landbrukshøgskule på Ås, og hadde lenge ambisjonar om å bli bonde på heiltid. No bur han i ein einebustad på Ostereidet med fire born og ein stor hage, med god plass til husdyr og eigne prosjekt.

Han ser potensialet til landbruksnæringa i kommunen, og gler seg til å bidra til å vidareutvikle dei aktørane som finst i dag – og trigge fleire til å etablere seg og tenkjer nytt.

Web levert av CustomPublish