Leni Dale overtar stafettpinnen etter Åslaug Brænde. Ho vert konstituert kommunalsjef for helse og omsorg frå 24. august.

Leni Dale overtar stafettpinnen etter Åslaug Brænde. Ho vert konstituert kommunalsjef for helse og omsorg frå 24. august.

Ny kommunalsjef for helse og omsorg

Medan Lindås kommune søkjer etter ny kommunalsjef for helse og omsorg, er Leni Dale konstituert i stillinga.

Leni Dale er einingsleiar for sjukeheimstenesta i Lindås kommune. Ho går mellombels inn i stillinga som kommunalsjef for helse og omsorg frå 24. august, og vert ein del av leiargruppa til rådmannen.

Stillinga som kommunalsjef vert formelt lyst ut i løpet av august, etter at Åslaug Brænde slutta i stillinga i sommar. Kommunalsjefen har det overordna ansvaret for seks einingar: Forvaltningskontoret (tidlegare bestillarkontoret), sjukeheimstenesta, eining for funksjonshemma, helsetenesta, sentralkjøkkenet og NAV Lindås.

Oppretting av stillinga var eitt av dei første tiltaka i utviklingsprogrammet «Lindås 2019».

– Det ligg ei rekkje spennande prosjekt i utviklingsprogrammet, som eg gler meg til å ta fatt på, seier Leni.

Ein grundig gjennomgang av organiseringa i helse- og omsorgssektoren vert det neste store prosjektet etter ein tilsvarande runde i oppvekstsektoren.

Etter snart ti år som einingsleiar for sjukeheimstenesta og fleire år som avdelingsleiar på Såta bu- og servicesenter og personalrådgjevar i Lindås kommune, kjenner ho kommunen godt.

Simon Wahler Grandahl går frå assisterande til fungerande einingsleiar i den same perioden.

Web levert av CustomPublish