Aktørane bak jobbmessa for Nordhordland, er klare for ein ny runde i februar 2015.

Aktørane bak jobbmessa for Nordhordland, er klare for ein ny runde i februar 2015.

Ny jobbmesse i Nordhordland

Treng bedrifta di ekstra arbeidskraft? Sikre deg ein plass på jobbmessa i februar 2015.

Jobbmessa vart arrangert for første gang i mars i år, og vart ein stor suksess med meir enn 1000 besøkande. Arrangørane er no i full gang med planlegging av ei ny messe - og oppmodar alle til å notere følgjande i kalenderen: Jobbmesse 17. februar i Nordhordlandshallen.

Trykk her for å lese meir om jobbmessa i mars.

Møteplass

Jobbmessa er ein møtestad, der bedrifter i regionen får vist seg fram for potensielle jobbsøkarar. Messa er også ein arena der jobbsøkarar og studentar får informasjon om kva dei ulike bedriftene har å tilby når det gjeld jobbmoglegheiter.

Etter messa i mars, har ei rekkje bedrifter meldt tilbake at dei kom i kontakt med interessante jobbsøkarar. Fleire av bedrfitene tilsette folk - som ei direkte følgje av deltaking på messa.

IMG_8334
Dagleg leiar i Voith Services, Richard Cornell (til høgre) møtte fleire kvalifiserte jobbsøkarar på messa i mars. No kan bedrifta di sikre seg plass på messa i februar 2015..

Regionalt samarbeid
Jobbmessa er eit regionatl tiltak for omdømmebygging av Region Bergen og Nordhordland. Messa i 2015 vil særleg har fokus på lærlingar, og delar av programmet vil vere direkte retta mot ungdom.

Dei som står bak messa er:
Industriutvikling vest AS, NAV Nordhordland, Business Region Bergen og Nordhordland Handverk og Industrilag.

Web levert av CustomPublish