Ny IKT-løysing for fastlegeordninga

Innføring av ei ny nasjonal IKT-løysing for fastlegeordninga, gjer at du ikkje kan bytte fastlege mellom onsdag 1. juni og måndag 6. juni.

Kva blir nytt for deg?
 
På «Min helse» på helsenoreg.no finn du ei oversikt over alle fastlegane i landet. Her kan du også bytte fastlege om du ønskjer det. Den viktigaste endringa no er at løysinga vert ny, og vil innehalde betre informasjon om fastlegen og fastlegekontoret.
 
Det er planlagt fleire forbetringar hausten 2016. Mellom anna er målet at du får ny fastlege første verkedag etter byttet, i staden for 1. i neste månad - som no. 
 
Nedetid i overgangen
 
I samband med overgangen til ny løysing, vil dei fleste tenestene ikkje vere tilgjengelege frå og med onsdag 1. juni. Nedetida gjer at:
  • Du som innbyggjar får ikkje bytte fastlege, korkje på helsenoreg.no eller ved å ringe 800HELSE (800 43 573). Det vil heller ikkje vere mogleg å søke i oversikt over fastlegar på dei opne sidene.
  • Sakshandsamarar hos Helfo kan ikkje legge inn nye fastlegeavtalar eller endre eksisterande avtalar.
Tenestene skal etter planen vere tilgjengelige att frå og med måndag 6. juni. I den fyrste perioden kan systemet vere treigt eller ustabilt.
 
Les meir her
 
Meir informasjon om fastlegeordninga og bytte av fastlege finn du på: www.helsenorge.no/fastlege
Web levert av CustomPublish