Kommunen byggjer ny bru over Eikefetelva.

Kommunen byggjer ny bru over Eikefetelva.

Ny bru til Eikemo

Vi byggjer ny bru over Eikefetelva, slik at bossbilen og andre tyngre køyretøy kjem seg opp til Eikemo.

Vegavdelinga i Lindås kommune held for tida på med rehabilitering av Eikemo bru.

Ein flaum gjorde at brua, som vart bygd på 40-talet, fekk vesentlege skadar for ein del år tilbake. Brua er i tillegg slitt etter «lang og tru teneste».  

Skadane på brua har ført til at tyngre køyretøy, til dømes bossbilen, ikkje kan køyre opp til Eikemo.

Den nye brua blir bygd av betongelement, og spennet på brua aukar frå 18 til 24 meter. Den nye brua blir i tillegg høgare enn den gamle og vil tåle større gjennomstrøyming av vatn når det er flaum.

Sjølv om mykje blir nytt, har kommunen bestemt seg for å behalde det tørrmurte brukaret på vestsida av Eikefetelva. Dette er i god stand, og eit godt døme på det fantastiske arbeidet som vart gjort på 40-talet.

Det er Mesta Entreprenør AS som gjer arbeidet for kommunen. Planen er at dei skal vere i mål med arbeidet i siste halvdel av april.

Web levert av CustomPublish