Kari Hesjedal er nytilsett avdelingsleiar for forvaltningskontoret, som handterer søknader om helse- og omsorgstenester i Lindås kommune.

Kari Hesjedal er nytilsett avdelingsleiar for forvaltningskontoret, som handterer søknader om helse- og omsorgstenester i Lindås kommune.

Ny avdelingsleiar på forvaltningskontoret

Etter å ha jobba med kommunar i åtte år, gler Kari Hesjedal seg til å ta fatt på ei utfordring frå innsida.

16. januar 2017 starta Kari Hesjedal i stillinga som avdelingsleiar for forvaltningskontoret. Ho overtar stillinga etter Reidun Sæbdal, som har vore konstituert leiar sidan hausten 2016.

– Dei som jobbar her har tatt veldig godt imot meg, seier Kari, som gler seg til nye og spennande oppgåver på forvaltningskontoret.

Kari er utdanna jurist og har erfaring frå både statleg forvaltning og privat sektor. No får ho ansvaret for ei avdeling med 5,5 årsverk til sakshandsaming og 1 sekretær. Hovudoppgåva til forvaltningskontoret er å handsame alle søknadar om helse- og omsorgstenester i Lindås kommune.

– Eg ser fram til å jobbe tett på brukarane våre. For meg er det meiningsfylt å vere med å leggje til rette for at brukarane skal få nødvendige helse- og omsorgstenester, seier Kari.

Web levert av CustomPublish