NorSea Group vann Statoil-kontrakten om forsyning frå Mongstad.

NorSea Group vann Statoil-kontrakten om forsyning frå Mongstad. Jim Heldal mob +47 930 40 500

Ny aktør til basen på Mongstad

– Eg er glad for at NorSea allereie har gått ut og sagt at dei ønskjer eit godt samarbeid med dei lokale aktørane på basane dei no overtar, seier Astrid Aarhus Byrknes i ei pressemelding om baseaktiviteten på Mongstad.

7. januar 2015 / Felles pressemelding frå Mongstadbase og Mongstadkommunane Austrheim og Lindås

I fjor varsla Statoil at dei ønskte å samle all forsyningsaktivitet til felta sine i Nordsjøen til Mongstad. Avgjerda inneber ein vekst for næringslivet i regionen, og gjer basen på Mongstad til den største offshorebasen i verda.

Etter at Statoil teikna basekartet på nytt, har tenestene på Mongstad og dei andre basane i Noreg vore ute på anbod. I dag, 7. januar, vart det klart at det lokale driftsselskapet Mongstadbase ikkje nådde opp i konkurransen. Når oppdraget startar 1. juli 2015 kjem det difor ein ny aktør til Mongstad, NorSea Group. Det delvis eigde NorSea-selskapet, CCB på Ågotnes, skal vere operatør for arbeidet på Mongstad.

– Vi er sjølvsagt skuffa, men må sjå framover og etablere eit samarbeid med den nye aktøren. Det viktigaste i første omgang er å få ei avklaring i forhold til dei tilsette, seier dagleg leiar på Mongstadbase, Ragnhild Langøy.

Heilt sidan Statoil starta prosessen med ny basestruktur, har Mongstadbase hatt løpande og tett dialog med Mongstadkommunane Austrheim og Lindås. Denne dialogen ønskjer både Langøy og ordførarane i Austrheim og Lindås å invitere den nye aktøren til å delta i.

– Eg er glad for at NorSea allereie har gått ut og sagt at dei ønskjer eit godt samarbeid med dei lokale aktørane på basane dei no overtar. Eg forventar at dette inneber gode løysingar for dei tilsette på Mongstadbase, som sjølvsagt vil kjenne på ei usikkerheit i dag, seier ordførar i Lindås, Astrid Aarhus Byrknes.

– Samstundes er det viktig å understreke at aktiviteten på Mongstad skal vekse, og at dette gir mange moglegheiter for næringsliv og arbeidstakarar i heile regionen, seier ordføraren.


For fleire kommentarar, ta kontakt med:

Web levert av CustomPublish