Norskprøvar

Har du gått på norskkurs og ønskjer å ta ei prøve? Då må du hugse å melde deg på.

Norskprøven har ein skriftleg del og ein munnleg del.

Den skriftlege delen testar kor god du er til å lytte, lese og skrive. Den munnlege delen har både oppgåver du må løyse åleine og oppgåver du skal løyse i samtale med andre.

Trykk her for å lese meir om kursa våre i norsk og samfunnskunnskap.

Kva kostar det?

  • 700 kroner for skriftleg prøve.
  • 350 kroner for delprøve i lese, lytte eller skriveferdigheiter.

Påmelding til prøven

Påmelding til norskprøve for sommaren 2018, er open frå 18. april til 27. april klokka 15.00.

Trykk her for å melde deg på prøven.

Trykk her for å lese meir om prøven.

Treng du hjelp?

Ta kontakt med oss på vaksenopplæringa.

Våre opningstider er måndag til fredag mellom klokka 08.30 og 15.30.

Web levert av CustomPublish