Dette er eit bilete frå starten av arbeidet med å reparere og skifte ut stikkrenner i Kleivdalsvegen.

Dette er eit bilete frå starten av arbeidet med å reparere og skifte ut stikkrenner i Kleivdalsvegen.

No skal vi utbetre Kleivdalsvegen

Vegavdelinga i kommunen har starta arbeidet med utbetring av Kleivdalsvegen. Målet er at vegen skal stå ferdig asfaltert i mai 2016.

Årsaka til at vegen ikkje har vorte prioritert for dekkefornying tidlegare, er at vegen, spesielt på søndre del, har så dårleg bæreevna at lapping eller legging av ny asfalt ikkje vil vare lenge.

Styrking av bæreevna er eit svært omfattande og ressurskrevjande arbeid. For den nordre delen er mykje grunnleggjande arbeid utført under vassverksarbeid for nokre år sidan. Det er likevel lurt, både økonomisk og teknisk, å gjere hovudarbeidet for heile vegstrekket i ein eingong.

Vegavdelinga i kommunen har konkrete planar om å forsterke vegen ved hjelp av ein teknikk som heiter «djupstabilisering». Denne metoden går kort ut på å frese ned til en djupne på ca 25 cm, anrike denne massen med eit bindemiddel, t.d asfaltproduktet bitumen eller dustex, eit restprodukt frå celluloseproduksjon .

Også kombinasjon med andre forsterkningsmetodar som geonettarmering og anna er aktuelle på einskilde vegstrekk. På den måten byggjer vi opp eit nytt forsterknings-/berelag som etter ein stabiliseringsperiode gjer at asfalten som vi legg året etter ikkje sprekk så fort opp.

Kva skjer når?

  • Mai/juni 2015: Reinsk av grøfter og reparasjon av stikkrenner.
  • Juni/juli 2015: Anbodsinnbyding djupstabilisering
  • Aug/sept 2015: Djupstabilisering, høvling, komprimering
  • Mai 2016: Asfaltering / trafikkregulerande tiltak

Arbeidet er ein rehabilitering av eksisterande vegkropp, ikkje ei oppgradering til ein høgare vegklasse. Vegen vert med andre ord ikkje breiare og beinare eller meir eigna for større køyretøy eller ei større auke i personbiltrafikken. Restriksjonar vil etter alt å døme bli innført for både store køyretøy og mindre bilar som ynskjer å ta snarvegen frå Osterfjorden og mot Mongstad.  

Det planlagde arbeidet med rehabilitering av Kleivdalsvegen har vekt interesse langt utover vår kommune. Kommunen vil difor invitere både fagfolk og lokalavisene til å følgje arbeidet i år og til neste år.

 

 

Arbeidet med utbetring av Kleivdalsvegen er i full gang. Her er ein liten bilderapport frå vegavdelinga i kommunen. Vil du lese meir om prosjektet? Følg lenka i kommentarfeltet.

Posted by Lindås kommune on 6. oktober 2015
Web levert av CustomPublish