Foto: Bente Kopperdal Hervik, Radøy kommune

No kan du vatne og grille - som normalt!

Det freistar kanskje ikkje nett no, men nedbøren dei siste dagane gjer at både vatnsjefen og brannsjefen opphevar sine forbod mot å fylle badebasseng, vatne plen og grille.

Nedbør den siste tida gjer at brannsjefane i Austrheim, Radøy, Lindås, Meland og Modalen opphevar totalforbodet mot å gjere opp eld utandørs.

Vatn og avløps-sjefen i Lindås kommune opphevar også vatningsforbodet.

Les dette før du lagar bål

Det generelle bålforbodet mellom 15. april og 15. september gjeld sjølvsagt framleis, men du har lov til å:

  • Grille eller brenne små mengder hageavfall i eigen hage. Du har ikkje lov til å brenne søppel, bygningsrestar, material eller tre som er behandla med maling, lakk, impregnering eller liknande.
  • Grille på eigna stader, til dømes i parkområde eller ved strandkanten.
  • Brenne bål der du er heilt trygg på at det ikkje kan føre til brann. Men hugs - all bålbrenning skjer på eige ansvar.

Vis omsyn til naboar og miljø, og ver obs på at røyken frå eit bål med hageavfall ikkje er ufarleg.

 

Web levert av CustomPublish