No kan du søkje kulturmidlar

Fristen for å søkje støtte frå kulturmidlane er 15. mars 2017.

Når må du søkje?

  • Driftstilskot: 15. mars
  • Aktivitets- og prosjekttilskot: 15. mars med resttildeling 1. september
  • Investeringstilskot: 15. mars

Slik søkjer du

Trykk her for å gå til sida med elektronisk søknaddskjema

Når du søkjer, pass på at:

  • kontonummer er riktig
  • at du brukar fullstendig adresse og mobilnummer på kontaktpersonar
  • at du skildrar drifta, aktiviteten eller investeringa du søkjer om støtte til
  • at du har lagt ved årsmelding, budsjett og rekneskap (gjer du ikkje dette, kan søknaden bli avslått)

Søkjer du på vegner av ein Nordhordlands-klubb, må du skrive kor mange av medlemmane som har postadresse i Lindås kommune. 

Fleire tips og retningsliner finn du ved å følgje lenka til søkandsskjema.

Har du spørsmål? 

Ta kontakt med kulturkonsulent Eileen M. Feste på e-post eileen.feste@lindas.kommune.no.

Web levert av CustomPublish