Kleivdalsvegen med splitter ny asfalt!

Kleivdalsvegen med splitter ny asfalt!

No er det fritt fram i Kleivdalsvegen!

...men vegavdelinga ber folk om å køyre forsiktig.

Dei siste vekene har Kleivdalsvegen vore stengt for gjennomkøyring, for å gi arbeidslaget på plassen ro til å asfaltere vegen.

No er arbeidet snart i mål. Berre eit par område står att før heile strekket har fått heilt ny asfalt. Kantmerking og refleksar kjem etter sommarferien - før haustmørkret.

Med ny asfalt er det freistande å gi litt ekstra fart gjennom svingane. Det rår vegavdelinga mot. At fartsgrensa er 80 km/timen, betyr ikkje at vegen er god til så høg fart. Vegavdelinga i kommunen ber folk om å køyre etter forholda, slik at det ikkje skjer ulykker langs den smale vegen.

 

Your browser does not support iframe. <a data-cke-saved-href="http://a3.nordhordlandskart.no/embedded/706d3453-1dcf-46b5-915d-379457f23211" href="http://a3.nordhordlandskart.no/embedded/706d3453-1dcf-46b5-915d-379457f23211" target="_blank">You can see the content of the frame here</a>
Web levert av CustomPublish