Naturattraksjonar

Bøkeskogen på Seim

På Vollom ved Seim ligg den nordligaste Bøkeskogen i verda. Deler av Bøkeskogen er verna naturreservat men det er ein tilrettelagt og godt skilta turvei på 1,5 km her. Det er og fleire gode stiar rundt i skogen, og ein flott badeplass.  

Trykk her for å lese meir om bøkeskogen.

 

Lyngheisenteret

Lyngheiane er eit viktig trekk i kulturlandskapet, og på Lygra finn du Lyngheisenteret.

Her finner du lyngheiar som er vedlikehaldt på tradisjonell måte med aktiv gårdsdrift. Her kan du gå på flotte stiar innimellom vakker lyng og med storslått utsikt mot havet. Der er og eit flott informasjonsbygg med restaurant.

Trykk her for å gå til heimesida til Lyngheisenteret.

 

Fjellturar

Lindås kommune har mange fine turmoglegheiter, for små og store. Gladihaug er ein populær topptur der ein kan sjå utover heile søndre delen av kommunen vår. Du kan kome til den frå fleire stader, blant anna kan du gå frå Brekkeløypa ved Nordhordlandshallen, via Gamle Skulen og opp til Indregardsfjellet og følgje merka løype til Gladihaug herifrå.

Du finn kart og forslag til denne og mange fleire turar i Lindås og omegn på nettsida ut.no. 

Trykk her for å kome til ut.no

Nordhordland Turlag har og flotte turforslag, og dei arrangerar felles turar med guide.

Trykk her for å gå til Nordhordland Turlag sine turforslag. 

 

Web levert av CustomPublish