Nattestengt i Mundalsberg- og Bjørsviktunnelen

Frå natt til måndag 1.august, og dei neste to vekene blir Mundalsberg- og Bjørsviktunnelen på E39 i Lindås heilt stengt frå midnatt til klokka 05:30.

Kvar natt i veke 31 og 32, med unntak av natt til søndag, blir tunnelane stengt mellom klokka 24:00 og 05:30.

Årsaka er sprenging og betongarbeid i samband med oppgradering av tunnelane.

Siste natt med lange stengingar er natt til laurdag 13.august.

Frå klokka 22:00 til 24:00 blir det kolonnekøyring som vanleg, med inntil ein time ventetid. Etter klokka 05:30 blir det fri ferdsel.

Arbeidet i tunnelane på E39 i Lindås er ein del av tunneloppgraderingsprosjektet i Region vest:

http://www.vegvesen.no/vegprosjekter/tunnelervest

 

Web levert av CustomPublish