Biletet til Bente Semmingsen Fivesdal har vunne ein fotokonkurranse i regi av den lokale prosjektgruppa som arbeider med å få Nordhordland inn på verdsarvlista.

Biletet til Bente Semmingsen Fivesdal har vunne ein fotokonkurranse i regi av den lokale prosjektgruppa som arbeider med å få Nordhordland inn på verdsarvlista.

Nasjonal støtte til UNESCO-prosjekt i Nordhordland

Nordhordland er eitt skritt nærare statusen biosfæreområde og ein plass på den prestisjetunge verdsarvlista til UNESCO.

Den norske komiteen som jobbar med gjennomføringa av UNESCO-programmet «Man and the Biospere» (MAB) støttar arbeidet med å gjere Nordhordland til det første biosfæreområdet i Noreg. Dermed er det gitt klarsignal til vidare arbeid både med hovudsøknaden som skal gå til UNESCO og til dei aktivitetane som alt er sett i gang.

– Dette er eit viktig steg vidare for oss, seier Jon Askeland, ordførar i Radøy og leiar for styringsgruppa i biosfæreprosjektet. – Gjennom biosfæreprogrammet vil Nordhordland bli del av eit verdsomspennande nettverk som kan bety særs mykje for ei positiv utvikling av regionen, seier han.

Kommunane har støtta forprosjektet, som har ført fram til støtta frå den såkalla MAB-komiteen. Hausten 2017 skal kommunestyret Lindås og dei andre kommunane i regionen ta stilling til hovudsøknaden. Biosfæreprosjektet er eit samarbeid mellom Regionrådet i Nordhordland og Universitetet i Bergen.

Viss Nordhordland når fram med søknaden om å bli eit biosfæreområde, kan det få stor betyding for vidare utvikling av heile regionen.

Kvifor Nordhordland?

Med nesten 700 biosfæreområde verda rundt og eit samla areal som er større enn Kina, er UNESCO sitt biosfæreprogram ein viktig drivkraft i arbeidet med å få til ei global berekraftig utvikling. Status som biosfæreområde inneber ikkje nytt vern eller formelle restriksjonar på utbygging, men at det offentlege, næringslivet, forskinga og folk flest saman prøver å finne gode løyningar for nærings og samfunnsutvikling.

Biosfæreorganisasjonen er alt engasjert i fleire viktige prosjekt – alt frå lokalmat, regional merkevarebygging, næringsutvikling knytt til sau og ull og berekraftig utnytting av kystgranskogen. Nye aktivitetar vil komme til i 2017.

Viktig nasjonal satsing

Sverige har fem biosfæreområde, Finland to og Danmark eitt. No vil også Norge satse på biosfæreprogrammet. Det er etablert ein eigen komité i regi av Klima- og Miljødepartementet som skal styre denne satsinga.

– Med Nordhordland meiner vi at vi har ein solid kandidat som kan føre Norge inn i biosfæreprogrammet, seier leiar for komiteen, seksjonsleiar Olav Nord-Varhaug i Miljøverndirektoratet.

– Men eitt biosfæreområde er ikkje nok. På sikt håpar vi å få etablert fleire slike område rundt omkring i landet, seier han.

Tett samarbeid med universitetet

Biosfæreprosjektet i Nordhordland er eit samarbeid mellom Regionrådet i Nordhordland og Universitet i Bergen. Det betyr at universitetet vil ha særleg fokus på Nordhordland, og gjerne bruke regionen som laboratorium for forsking og forskingsbasert utvikling.

UNESCO er positiv

Sjølv om Nordhordland først no har fått status som offisiell kandidat til å bli biosfæreområde, er prosjektet allereie sterkt involvert i det internasjonale samarbeidet. Meriem Bouamrane, som er ansvarleg for MAB-programmet, er særs positiv til den Norske satsinga.

– Vi ser fram til å få Norge inn som fullverdig medlem i biosfæreprogrammet, og er overtydd om at Nordhordland vil bli eit godt biosfæreområde, seier ho.

Opning i 2019

At Nordhordland no har fått offisiell status som kandidat til biosfæreprogrammet, gjev heilt nye perspektiv for satsinga.

– No kan vi gå meir aktivt ut og hente innspel om kva for nokre konkrete ting vi skal satse på i åra framover, fortel prosjektleiar Kari Evensen Natland.

Men det skal hardt arbeid til for å komme gjennom nålauget hjå UNESCO. Eksisterande natur og kulturverdiar skal dokumenterast og det skal vere tydelege planar for korleis ein ønskjer å bruke denne statusen.

– Sjølv om alt går som vi håpar, vil vi ikkje kunne få offisiell godkjenning før våren 2019, fortel Kari Evensen Natland.

Kva er eit biosfæreområde?

UNESCO sitt biosfæreprogram er FN sitt sentrale reiskap for berekraftig utvikling.

Eit område som fyller dei kriteria som UNESCO har sett opp kan det få status som eit biosfæreområde.

Det vert då ein del av eit internasjonalt nettverk som vil gje støtte og draghjelp til berekraftig utvikling. FoU er viktig i biosfæreområda.

Hensikta er at nyvinningane som skjer innanfor biosfæreområdet skal kunne overførast til andre tilsvarande regioner nasjonalt og internasjonalt.

Her finn du meir informasjon om biosfæreprosjektet i Nordhordland:

Web levert av CustomPublish