X-faktor-vinnar Chand er mellom dei som står på scena når MOT-turneen kjem til Lindås.

X-faktor-vinnar Chand er mellom dei som står på scena når MOT-turneen kjem til Lindås.

MOT-turne med lokale stjerner

Onsdag 22. april inviterer MOT til føredrag og konsert med fleire stjerner – mellom anna vår eigen Mathilde Alden Spurkeland og X-faktor-vinnar Chand.

Onsdag 22. april er det Lindås sin tur! Organisasjonen MOT er på Noregsturnè, og skal besøke 55 «Lokalsamfunn med MOT». Totalt får meir enn 22.000 ungdomar besøk. Turneen er støtta av Gjensidigestiftelsen.

– Vi gler oss stort til å besøke Lindås. Vi håpar dei lokale ungdommane får ei fantastisk oppleving både på scena og i salen, og at lærarar og vaksne vert inspirert til å skape eit endå varmare og tryggare samfunn, seier turnéleiar Tore Sandnes.

MOT-ambassadør og X-faktor vinner Chand spelar på konserten. Det gjer også vår eigen Idol jr vinner Mathilde Alden Spurkeland! Lokale ungdommer bidrar også med innslag på scenen. I tillegg til konserten, kjem MOT med eit fagleg opplegg med årsmøte og lærarføredrag.

Kort om MOT: MOT er ein haldningsskapande organisasjon, som jobbar for og med ungdom. MOT sitt mål er å bidra til robuste ungdomar og trygge ungdomsmiljø. Og resultata viser at færre elevar vert mobba og mistrivst på MOT-skular.

Praktisk info:

  • Konserten vert i Nordhordlandshallen onsdag 22. april kl 12:45-13:45

  • Føredrag i aula på Knarvik ungdomsskule kl 14:00-15:00.

 

Arrangementa er opne for alle – ikkje berre dei inviterte ungdomane! Jobbar du med barn og unge? Ta gjerne turen innom føredraget.

Web levert av CustomPublish