Melde behov for tilpassa barnehagetilbod

Kommunen skal leggje til rette for at barn med nedsett funksjonsevne får eit inkluderande og likeverdig tilbod. Du treng ikkje ei sakkunnig vurdering frå PPT for å be om tilrettelegging av barnehageplassen.

Kva får du?

Barnehagen skal tilpasse tilbodet for barn som treng ekstra støtte i ein kortare eller lengre periode. Det kan vere snakk om sosial, pedagogisk og/eller fysisk tilrettelegging. Tilbodet blir vurdert og justert om behova endrar seg.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Meldefrist

Det er ikkje meldefrist. Du kan melde ifrå om behov for individuell tilrettelegging i barnehagen heile året.

Slik melder du frå

Fyll ut skjemaet saman med ein tilsett i barnehagen.

Trykk her for å laste ned og fylle ut meldeskjema (PDF).

Skjemaet sender du til:

Lindås kommune v/ Astrid N. Sylta
Kvernhusmyrane 20
5914 Isdalstø

Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

Kva seier lova?

Barnehagelova § 19 g skildrar retten til eit individuelt tilrettelagt barnehagetilbod.

Trykk her for å lese kva lova seier

Web levert av CustomPublish