Frigjeringsdagen 8. mai 2016 vart markert i Lindåsbygda i Lindås kommune.

Frigjeringsdagen 8. mai 2016 vart markert i Lindåsbygda i Lindås kommune.

Markering av frigjeringsdagen

Veteraner frå 2. verdskrig, Tysklandsbrigaden og frå NATO og FN -operasjonar var samla for å markere frigjeringsdagen. 

Markeringa vart til i eit samarbeid mellom Nordhordland forsvarsforening og Lindås kommune.

Atle Bondevik, leiar  i Nordhordland forsvarsforeining, sa i helsinga si at han hadde vore i samtale med John Pettersen, 101 år gamal krigsveteran frå Radøy. Pettersen hadde understreka at det var viktig å hugse kvifor vi feira 8. mai. Det er innhaldet og verdiane det står for som er viktig å ta med seg.

Ivar Fammestad, FN veteran frå den største konflikten i Europa sidan 2. verdskrig, fortalte frå dramatiske hendingar som har prega livet hans i ettertid. Princess Finda Williams delte sine opplevingar som flyktning frå borgarkrigen i Sierra Leone i 2002.. Ei ressurssterk kvinne, lærerutdanna og samfunnsengasjert. Ho fortalte om sitt dramatiske liv som flyktning, men la også stor  vekt på dei moglegheitene Norge har gjeve ho og den tryggheita ho kjenner.

Hans Kenneth Sundsbø, prest i Sjøforsvaret, leia gudstenesta i Lindås kyrkja. Medlemmar frå Sjøforsvarets Musikkorps spelte. Astrid Aarhus Byrknes og Leif Sleire song.

Fungerande ordførar Nina Bognøy la ned krans ved minnesmerka utanfor Lindås kyrkja. Ho leia også program for dagen.

Meland-ordførar Øyvind H. Oddekalv, Radøy-ordførar Jon Askeland, varaordførar Jostein Borlaug frå Radøy kommune og Stortingsrepresentant Astrid Aarhus Byrknes deltok også på arrangementet.

Det er Radøy kommune som skal arrangere 8. mai saman med Nordhordland forsvarsforening i 2017, deretter står Meland kommune for tur.

Web levert av CustomPublish