Ordførar Astrid Aarhus Byrknes roste avdelingsleiar Eli Valestrand Presttun under nyopninga av avlastningsavdelinga.

Ordførar Astrid Aarhus Byrknes roste avdelingsleiar Eli Valestrand Presttun under nyopninga av avlastningsavdelinga. Silje Andvik Hoaas

Lys og varme på nyopning

– Velkommen til Kvassnesvegen 16 og opninga av den nye avlastningsavdelinga vår!

Eli Valestrand Presttun glisar frå øyre til øyre. Det same gjer gjengen i den nye storstova til Eining for funksjonshemma. Gjengen i stova er ein god miks av brukarar og tilsette.

Avlastningsavdelinga har flytta inn i dei gamle lokala til Såta bu- og servicesenter, og har fått meir plass til både menneske og utstyr. «Med på lasset» har dei fått heile administrasjonen til Eining for Funksjonshemma:

  • Koordinator for støttekontaktar, Kristin Rongevær
  • Koordonator for individuell plan, Renate Helle
  • Koordinator for aktivitetsbasert avlastning, Camilla Sæterstøl
  • Administrasjonssekretær, Anne Rose Westervik
  • Einingsleiar Bernt Fjordheim

Alle under eitt tak!

– Vi hadde ein draum om å samle alle som jobbar med avlastning under eitt tak. Dessutan trong vi meir plass til alle hjelpemidla, fortel avdelingsleiar Eli.

Lindås kommune har hatt eigen avdeling for avlastning sidan 1994. Avdelinga starta i det som i dag er personalavdelinga i kommunen. Etter 11 år flytta avdelinga vidare til Røssvikrenen, der dei også heldt hus i 11 år. 

– Det var ein stor jobb å flytte, men her har vi tenkt å vere i mange år. Vi ønskjer å byggje eit kompetansesenter til det beste for både tilsette og brukarar, fortel Eli som får ros og klapp på skuldra frå einingsleiar for Eining for funksjonshemma, Bernt Fjordheim.

Ros for arbeidsmiljø

Bernt er stolt av innsatsen og kreativiteten til dei tilsette.

– Makan til positiv gjeng! Her er innstillinga at «alt kan fiksast». Dei som jobbar her, skapar ein god heim nummer to for barn og ungdom som treng dette tilbodet.

Eli og gjengen fekk også godord frå ordførar Astrid Aarhus Byrknes.

– Det er eit godt arbeidsmiljø her. Dei som jobbar her løftar kvarandre, og gjer kvarandre gode. Miljøet er prega av hjarterom, nærleik, varme. Her er det plass for alle, her er alle like verdfulle, seier Astrid.

Nyopninga av avlastningsbustaden vart krona med song og musikk frå «Siv og gjengen» - og avduking av ei overrasking i den nye hagen: Ei bålpanne!

Web levert av CustomPublish