Lune Huler kan bli mottak for mindreårige

Torsdag 29. oktober klokka 15.00 skal Norsk Mottaksdrift AS møte formannskapet i Lindås - for å informere om planar for eit mottak for einslege, mindreårige flytkingar.

Norsk Mottaksdrift AS vurderer å etablere eit mottak for mindreårige mellom 15 og 18 år på hotellet Lune Huler i Lindås.

Ordførar Astrid Aarhus Byrknes inviterte Norsk Mottaksdrift AS til formannskapet i Lindås, då ho vart oppringt om planane tysdag 27. oktober.

Representantar frå selskapet kjem allereie til formannskapsmøtet torsdag 29. oktober klokka 15.00. Ordføraren ønskjer openheit kring planane, og inviterer difor media og andre interesserte spesielt til å delta på denne delen av møtet.

For å få løyve til å etablere eit mottak, må Norsk Mottaksdrift:

  1. Førehandsvarsle kommunen.
  2. Utarbeide eit anbod, og sende det som ein søknad til Utlendingsdirektoratet (UDI).

 

Fakta: Flyktningar til Lindås

  • Lindås har eit kommunestyrevedtak på at kommunen kan ta imot og gi bustad til 15 flyktningar kvart år. Dette vedtaket vart gjort av kommunestyret frå perioden 2007-2011.
  • I 2014 og 2015 auka politikarane grensa til 22 flyktningar.
  • I juni 2015 fekk Lindås spørsmål frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) om å ta imot 7 flyktningar til. Politikarane svarte med å auke ekstramottaket til 11.
Web levert av CustomPublish