Lune Huler blir mottak

Kommunen inviterer til eit snarleg informasjonsmøte i samband med meldinga om at Norsk Mottaksdrift har fått ja til planane sine på Lune Huler.

UDI tok kontakt med Lindås kommune i 16-tida fredag 4. desember.

Kommunen veit førebels berre at Norsk Mottaksdrift har fått grønt lys på anbodet sitt om eit mottak for mindreårige asylsøkjarar mellom 15 og 18 år.

I samband med etableringa vil kommunen invitere til eit snarleg informasjonsmøte, mest sannsynleg torsdag 10. desember klokka 1900. Det kjem meir informasjon om møtet tidleg i neste veke.

Meir om planane til Norsk Mottaksdrift kan du lese i tidlegare artiklar på heimesida til kommunen:

Vil ha open prosess om mottak

Vil opne mottak før nyttår

Lune Huler kan bli mottak for mindreårige

Web levert av CustomPublish