Denne geitepølsa er produsert på Ikeland Gard i Lindås.

Denne geitepølsa er produsert på Ikeland Gard i Lindås. Picasa

Lokalmatkjendis til "Smaken av Nordhordland"

Høyr historia om Bente Getz og hennar veg frå nedlagt småbruk til millionbutikk på den andre samlinga om lokalmat i Nordhordland tysdag 30. september 2014.

Tid og stad: 
Ypsøy kystgard, Rossland. Oppmøte på Iokal kai klokka 18.30 - (20 min frå Knarvik)
 
Team Nordhordland har teke initiativ til prosjektet ‘Smaken av Nordhordland’. Vi er no i ein forprosjekt-fase der vi ønskjer å samle alle som vil satse på lokalmat som næringsverksemd. Målet er å skape ei klynge av lokalmatprodusentar som saman kan marknadsføre seg og skape ein større marknad og identitet kring mat frå Nordhordland.
 
Program for andre samling
Kl. 18.45 Nytt om lokalmat i regionen.
Kl. 19.00 Litt om ”Den Gyldne omvei” i Trøndelag (sjå og www.dgo.no )
Kl. 19.15 Kaffipause med litt å bita i, innspel, diskusjonar.
Kl. 19.30 BENTE GETZ OG SAMVIRKET LAGA I SAMNANGER
– Frå nedlagt småbruk til millionbutikk med 3 kyr og 8 sauer –
Kl. 20.30 Avslutning – vegen vidare – retur til Io.
 
Påmelding på e-post til ypsoy@kystgard.no eller ring Vigleik på mobil 95061191.
Web levert av CustomPublish