11 jenter frå Knarvik, Alversund og Seim løp ungdomsløpet til Knarvikmila for å setje fokus på tv-aksjonen.

11 jenter frå Knarvik, Alversund og Seim løp ungdomsløpet til Knarvikmila for å setje fokus på tv-aksjonen. Picasa

Løp Knarvikmila for TV-aksjonen

Sist veke løp 11 jenter frå Knarvik, Seim og Alversund ungdomsløpet til Knarvikmila - som ei oppvarming til tv-askjonen

Jentene var på konfirmanttur til Tanzania tidlegare i vår, og fekk sjå og høyre om utfordringane med vatn, som dei innsamla midlane skal gå til i år.

Kirkens Nødhjelp er tildelt årets tv-aksjon under mottoet «vann forandrer alt». Åtte land i verda skal nyte godt av dei innsamla midlane, som skal gje ein million menneske reint vatn. Avlingar og mat vert sikra. Kvinner og born får moglegheit til utdanning og arbeid når dei ikkje må bruke mange timar kvar dag på å gå etter reint vatn. Når turen etter vatn vert kortare er dei også mindre utsett for vald og seksuelle overgrep.

Kvar dag går 443 millionar skuledagar tapt på grunn av vassrelaterte sjukdommar. Ved å skaffa varig tilgang til vatn for ein million menneske, vert 3.5 millionar arbeidstimar spart dagleg. I dag er det fleire menneske i verda som har mobiltelefon enn tilgang til ein do.

For berre 200 kroner kan du gje vatn til eitt menneske for resten av livet.

Gjer som jentene - ta i eit tak for tv-aksjonen. Meld deg som bøsseberar søndag 19. oktober på www.blimed.no eller ta kontakt med Frivilligsentralen til Lindås kommune.

 

Web levert av CustomPublish