Lindåsbedrifter - sjå her!

Ordføraren ønskjer å lage ein møteplass for næringslivet i kommunen, og inviterer til eit første dialogmøte der omstilling i olje- og gassnæringa får eit særleg fokus. Møtet er ope for alle bedrifter i Lindås.

Her er invitasjonen frå ordførar Astrid Aarhus Byrknes:

Næringslivet i kommunen er dominert av arbeidsplassar og aktivitet innan olje og gass. Ein del støttenæringar er også orientert mot olje og gass, og enno fleire aktørar er avhengig av at aktiviteten vert oppretthalde i olje og gass. Spesielt gjeld dette aktørar innan bygg og anlegg, varehandel m.m. Men kommunen har og viktige arbeidsplassar i mange ulike og varierte næringar.

No opplever olje og gass-aktørane marknadsmessige utfordringar, og det får også konsekvensar for andre bedrifter og andre bransjar. Alle saman bidreg positivt med verdiskaping og arbeidsplassar.

Eg ønskjer å invitera verksemdene til eit opent dialogmøte. Spesielt bør det vere relevant for dei som er avhengig av/orientert mot olje og gass, men eg håpar og på brei deltaking frå andre bransjar og andre bedrifter.

Bakgrunnen er å bli betre kjent med verksemdene i kommunen, kva behov de har og korleis de vurderar det å etablere og drive bedrift i kommunen. Det er og ønskjeleg å høyre responsen frå næringsaktørane om dette er ein dialogarena vi kan byggje vidare på i framtida.

Sjølvsagt vil situasjonen i olje og gass vere i fokus denne dagen, men me vil og leggja opp til dialog på andre område. Sentrale spørsmål i dialogmøtet vil vere:

  • Korleis merkar verksemdene situasjonen?
  • Kva meiner verksemdene sjølv er viktige tiltak i ein slik situasjon?
  • Kva kan kommunane og det offentlege gjere no?
  • Korleis står det til i dei andre næringane?
  • Korleis er det å etablere og drive bedrift i kommunen i dag?

Fleire spennande gjester frå politikk, forvaltning og næringsliv vil delta/gje ei innleiing. Formannskapet i Lindås kommune, som næringsutval, er og invitert.

Tid: 7. desember 2015 – klokka 08.15 til 10.00. Vi serverar frukost frå klokka 07.30.

Stad: Hagellia 6 i Knarvik

Påmeldingsfrist: 1. desember 2015 – oppgje om du ønskjer frukost.

Send ein e-post til næringssjef Øystein Sørhaug på oystein.sorhaug@lindas.kommune.no eller ring Øystein på mobil 90981040.

Vel møtt! Eg håpar på eit breitt oppmøte!
 

Web levert av CustomPublish