Lindås kommune vann i høgsterett om eigedomsskatt

Høgsterett har gitt Lindås kommune medhald i sak om eigedomsskatt  mot Technology Centre Mongstad DA.

Dommen er einstemmig og vart avsagt 19. mars 2014. Saka gjaldt gyldigheten av Lindås kommune sitt  eigedomskattevedtak av 2. desember 2010 og 25. mai 2011 på TCM-anlegget. Saka sitt tema var om TCM-anlegget fylte kriterier for eigedomskattelova sitt omgrep ”verk og bruk”. Høyesterett svarte bekreftande på spørsmålet, og fastslo at anlegget er eit såkalla ”industrielt  verk” i eigedomskattelova si forstand, og dømde dermed i samsvar med tidligare instansar.

 

Slik Lindås kommune oppfattar dommen har ikkje  Høyesterett vore i tvil om resultatet. Dommen gjev samtidig ei prinsipiell avklaring på at verdiskapning er eit argument – men ikkje eit vilkår – i vurderinga av kva som definerer omgrepet ”verk og bruk”. Det vart i tillegg uttalt at TCM-anlegget uansett hadde ei kommersiell grunngjeving i tillegg til den miljøpolitiske. Kommunen er nøgd med at takstnemnda og overtakstnemnda sine vurderingar endeleg kan stadfestast.

 

Web levert av CustomPublish