Lindås kjøper næringseigedom i Knarvik

– Dette gjer vi for å bidra til ei positiv utvikling av Knarvik sentrum, seier ordførar Astrid Aarhus Byrknes.

Lindås kommune har gjort ein avtale med Schlumberger om å kjøpe eigedomen i Knarvik der Western Geco dreiv fabrikk til og med hausten 2014.

Kjøpesummen er 79,5 millionar kroner.

– Vi ønskjer å utvikle Knarvik til ein attraktiv og pulserande by! Denne eigedomen ligg midt i indrefileten i Knarvik og på denne måten kan vi som kommune bidra til å utvikle eigedomen og Knarvik i tråd med intensjonane som ligg i områdeplanen for Knarvik sentrum. Kjøpet visar at kommunen ønskjer å ta ein aktiv rolle i utviklinga av Knarvik sentrum, seier Aarhus Byrknes, og legg til at kommunen må kome attende til detaljar kring vidareutvikling av eigedomen.

Kva skjer no?

Kommunen overtar eigedomen 1. november 2016.

I tillegg til avtale om kjøp, har kommunen forhandla fram ein leigeavtale med Schlumberger – som inneber at Schlumberger skal leige delar av bygga i ein periode. Kommunen vil sjølv ta i bruk kontordelen på eigedomen.

Web levert av CustomPublish