Ordførar Astrid Aarhus Byrknes ønskjer deg ei god jul - og eit godt nytt år.

Ordførar Astrid Aarhus Byrknes ønskjer deg ei god jul - og eit godt nytt år.

Les julehelsinga frå ordførar

Astrid Aarhus Byrknes ønskjer alle innbyggjarar og tilsette i kommunen ei riktig god jul - og eit godt nytt år!

Først vil eg takke for tilliten etter valet i haust. Vi bur i ein fantastisk kommune! Det er ei stor ære og eit privilegium for meg å få lov til å bruke dei neste fire åra på vidareutvikling av lokalsamfunnet vårt. Sideinnhold

Eg og varaordførar Nina Bognøy har blitt godt mottatt. Vi har entusiastiske og kompetente politikarar frå alle parti i kommunestyret. Her er både nye og mange med lang erfaring frå politikk.

Vi er inne i ei tid som utfordrar oss. Folk flyktar i frå krig og naud. Nokre born kjem også åleine. Å rømme frå heimen sin, frå landet sitt, å sende barnet sitt frå seg, er ikkje noko du gjer om du ikkje føler at du absolutt må. Lindås kommune har lang tradisjon for å busetje flyktningar – dei som har fått opphald i Norge. Vi arbeider difor med ein heilskapleg plan for busetnad og integrering - der vi også i større grad vil involvere lokalsamfunnet, lag og organisasjonar, frivillige og våre nye landsmenn i arbeidet. Eg ser fram til dette arbeidet, og veit at mange av innbyggjarane ønskjer å vere med på dette viktige prosjektet.

Eg vil også takke alle som har sendt helsingar i samband med den tragiske brannen på Lune Huler. Engasjementet visar at vi har mykje hjartevarme i Lindås.

Å få eit statleg mottak for mindreårige flyktningar har også sine utfordringar, og mange har både spørsmål og er litt avventande til kva dei skal meine om dette. Det er heilt legitimt å stille spørsmål, og difor vil kommunen som vertskommune ha ein open og god dialog med både UDI, dei som skal drifte mottaket og innbyggjarane. Vi vil leggje til rette for informasjon og kunnskap også i tida som kjem – mellom anna med nye informasjonmøte. Til eitt av desse møta vil vi berre invitere ungdomar i kommunen vår. De er også velkomne til å stille spørsmål på e-post til kommunen på info@lindas.kommune.no

Kommunereforma er i gong også i Lindås. Fram mot sommaren 2016 skal vi ha ein aktiv prosess, som både vil inkludere politikarar og innbyggjarar i kommunen. Innan 1. juli 2016 skal alle kommunane gjere vedtak om framtida. Men før vi kjem så langt – vil vi invitere til informasjonsmøte i alle skulekrinsane.

Året, som snart er omme, har hatt mange milepæler og små og store hendingar.

Starten på 2015 blei jo ganske spesiell med stormen «Nina» som herja i våre områder. Mange var mista straumen og mobildekninga, og det var dagar der vi også måtte stenge skular og barnehagar. Eg vil nytte høvet til å takke alle tilsette i organisasjonen Lindås kommune for arbeidet dei la ned i ein svært krevjande situasjon. Vi er heldige som har mange dyktige folk i avdelingane våre.

I haust hadde vi også ein større dugnad der vi gjekk til kamp mot brunsnegelen. Her var det eit stort engasjement frå heile kommunen. Takk til alle som var med på dugnaden, det vert nok ein ny dugnad i året som kjem!

Så er det mykje meir eg kunne tatt med i julehelsinga mi, men det er godt å vite at vi nok ein gong står framfor eit nytt år med nye muligheter. Kommunestyret har vedtatt budsjett for 2016 og investeringar som skal i gong, så det vert nok eit aktivt år i Lindås kommune.

Eg håper du får nokre gode juledagar. Høgtida der vi får tenne lys, kose oss, gle oss og kjenne på fellesskap. Ein ekstra varm tanke vil eg sende til dei som er åleine, dei som sit i sorg og sakn, dei som er sjuke og har sine utfordringar i ein vanskeleg kvardag. Eg håpar vi saman kan vere med å sjå den einskilde, at alle vert sett og verdsatt for den dei er.

Eg ynskjer alle, store og små, unge og eldre, og deg som jobbar i kommunen ei fredfull julehøgtid, og eit godt år 2016.

Eg ser fram til å fortsetje arbeidet for kommunen vår i 2016, og vil framleis ha ei open dør for deg som vil ta opp saker eller ha kontakt med ordførar.

GOD JUL OG GODT NYTT ÅR!

Beste helsing,
Astrid Aarhus Byrknes

Web levert av CustomPublish