Leo Ajkic kjem til Lindås 31. oktober 2017.

Foto: Ole Marius Fossen

Leo kjem til Lindås

31. oktober inviterer Lindås kommune ungdomar og vaksne til eit nytt temamøte. På plakaten denne gong: Leo Ajkic om kjærleik og inkludering.

Korleis må vaksne vere for at barn og unge skal ha det godt og kjenne seg trygge?

I mars vart proffane i Forandringsfabrikken utfordra på dette spørsmålet. No kjem Leo Ajkic for å dele sine tankar om kjærleik, inkludering og det å kjenne seg utanfor.

– Det var utruleg kjekt å sjå at mange fann vegen til det aller første temamøtet vårt i mars. Vi reknar med fullt hus denne gongen også, og inviterer difor til det største møtelokalet vårt, Nordhordlandshallen, seier kommunalsjef for oppvekst, Kristin Moe.

I 2016 samla politikarane seg om ein kvalitetsplan for oppvekst. Hovudmålet bak tiltaka i planen er å leggje til rette for ein trygg oppvekst, der alle kan delta, meistre og lære. 

Eitt av tiltaka i planen er å invitere til to større temamøte kvart år. No står altså det andre temamøtet i 2017 for døra, og denne gong har kommunen invitert ein kjendis – som verkeleg har noko på hjartet.

– Vi håpar sjølvsagt at ungdomane sjølv kjem, men møtet er ope for alle. Vi trur at dette kan vere eit inspirerande møte for foreldre og føresette, tilsette i kommunen, frivillige lag og organisasjonar og andre som jobbar med og er opptatt av ungdom, seier Moe.

Kjem du?

Trykk her for å vise din interesse på facebook

Web levert av CustomPublish