leiva, komponist, komponert fanfare for Nordhordland

leiva, komponist, komponert fanfare for Nordhordland

Leiva med fanfare for Nordhordland

Nordhordland får sin eigen fanfare til grunnlovsjubileet.

 

Johan Modahl Leiva er komponisten bak den rykande ferske Nordhordlands-fanfaren, etter ein konkurranse som kommunane i regionen har gjennomført i samband med Grunnlovsjubileet. Fanfaren skal brukast i løpet av ei rekkje store og små tilskipingar i løpet av jubileumsåret.

Johan Modahl Leiva har komponert ein fanfare basert på Geitaslåtten etter Gudmund Eide frå Osterøy.

Stykket er skrive både i «vanleg» versjon på rundt halvanna minutt, og i ein kortversjon på ca 20 sekund. Fanfaren kan framførast med frå fem stemmer til brassband og windband.

Komponisten av Nordhordlands-fanfaren får ein premie på 20 000 kroner.

 

Majestetisk og visuell

-Komposisjonen er majestetisk og visuell i tonespråket. Handverket er svært godt. Temaet festar seg raskt og me trur at lyttarane lett kan identifisera komposisjonen i ettertid, seier juryen i si vurdering. Juryen trur komposisjonen har ein brei appell og gjev utfordringar til både utøvarar og publikum.

Johan Modahl Leiva hadde eigentleg ikkje tenkt å senda inn noko bidrag, men så fekk han litt ledig tid i juleferien.

 

Folketone i fanfare-format

-Tenkte eg måtte finna ein folketone som kunne passa i eit fanfare-format. Eg lytta gjennom to CDar med folketonar som Kjersti Wiik har gjeve ut, og der fann eg «Geitaslåtten» etter Gudmund Eide. Eg valde eit tema frå slåtten og sette meg ved pianoet. Då var eg i gang, fortel vinnaren.

Han har skapt ein fanfare med utgangspunkt i tradisjonsmusikk i kombinasjon med element som representerer nyare musikalske uttrykk.

-Klart det skal verta gøy å høyra fanfaren framført, seier Johan Modahl Leiva.

 

Skriv mykje musikk

Han har studert film- og jazzkomposisjon i USA, og har skrive mykje musikk innanfor ulike sjangrar og settingar. Mellom anna har han laga musikk til NM for janitsjar, til Ålesund symfoniorkester sitt 60 års jubileum, og han har komponert musikk til film, dokumentarar og reklame, og til storband.

Johan jobbar både i Lindås kulturskule og på Manger folkehøgskule.

 

Web levert av CustomPublish