Første oppgåva på legokurset, var å byggje seg sjølv.

Første oppgåva på legokurset, var å byggje seg sjølv.

Legofeber på biblioteket

Spørsmål frå ei mor vart til fullbooka legoklubb på Lindås-filialen til biblioteket i kommunen.

– Ja, det heile starta med spørsmål frå ei interessert mor, som lurte på om biblioteket ville starte ein aktivitet for barn som ikkje driv med musikk eller idrett, fortel bibliotekar Thomas Brevik.

Då Thomas fortalte at han var over snittet interessert i Lego, var planen klar.

Thomas gjekk til kulturkontoret i kommunen. Fekk 5.500 kroner i tilskot til å kjøpe lego. Avtalte med leiinga, at biblioteket kunne stille med ressursar og lokale. Og inviterte til byggekveld.

No er legokurset fullbooka, og fast aktivitet for fire jenter og 16 gutar frå 3.-7. klasse på Lindås barneskule.

– Sjølv har eg vore interessert i lego stort sett heile livet. Då eg vart pappa i 1999, fekk interessa nytt liv. Eg og sonen min har deltatt på First Lego League i Bergen to gonger, og brukar mykje tid på lego, fortel Thomas.

I første omgang er legotilbodet eit prosjekt fram til mai 2015. Då skal biblioteket vurdere om tilbodet kan bli ein fast aktivitet – og ta stilling til om tilbodet kan utvidast til hovudbiblioteket i Knarvik.

Å byggje seg sjølv i lego, var oppgåva på den første samlinga. På samling nummer to, vart det hakket meir avansert. Då stod ein fjernstyrt robot på timeplanen.

– Det er god stemning på samlingane. Ungane har det fint, og kjem med mange kreative løysingar, fortel Thomas.

Tilbodet er som alt anna på biblioteket – heilt gratis. I første omgang er det også veldig eksklusivt. Før evalueringa til våren, er det ikkje plass til fleire enn dei 20 som allereie har meldt seg på.

Web levert av CustomPublish