Kvalifiseringsprogrammet

Målet med kvalifiseringsprogrammet er å hjelpe deg til arbeid og aktivitet.

Kva er eit kvalifiseringsprogram?

Kvalifiseringsprogrammet er eit tilbod til personar som treng opplæring og arbeidstrening for å komme i arbeid og aktivitet, og som har behov for individuell oppfølging og hjelp på vegen.

Trykk her for å gå til NAV sine sider om kvalifiseringsprogrammet for deg som ønskjer å kome i arbeid.

Kven kan få tilbodet?

  • du er i yrkesaktiv alder og har eit ønskje om å kome i arbeid
  • du har nedsett arbeid- og inntektsevne
  • du mottar ingen eller svært avgrensa bidrag i form av trygd
  • du har eit ønske om å kome i arbeid eller aktivitet
  • du har behov for og kan nyttiggjere deg av tett individuell oppfølging

Kva tilbyr vi?

Du og din rettleiar samarbeider for å finne ut kva slags hjelp du treng for å kome i arbeid. Saman utarbeider de eit program som skal innehalde arbeidsretta tiltak og arbeidssøking. Vi kan også ta i bruk andre tiltak som kan være med på å støtte opp om og gjere deg klar til arbeid. Du får ansvaret for å følgje opp programmet i samarbeid med rettleiaren din på NAV-kontoret.

Kvalifiseringsprogrammet er på fulltid, 37,5 timer i veka. Som inntekt får du kvalifiseringsstønad tilsvarande to gonger grunnbeløpet til Folketrygda. Deltakarar under 25 år får 2/3 stønad. Stønaden er skattepliktig. Du kan også få barnetillegg.

Trykk her for å lese meir om Folketrygda sitt grunnbeløp.

Korleis får du tilbodet?

Lurar du på om kvalifiseringsprogrammet er aktuelt for deg, kan du ta kontakt med NAV i kommunen. Vi gir både rettleiing og hjelp til å søkje om kvalifiseringsprogram.

Vedlegg som må følgje med søknaden

  • gyldig legitimasjon
  • lønsslipp/dokumentasjon på anna inntekt/formue
  • kontoutskrift
  • siste sjølvmelding og likning/skatteoppgjør (dette får du hos skatteetaten)
  • dokumentasjon på buforhold
  • fakturaer som viser utgifter til til dømes husleige, bustadlån og straum

Slik søkjer du

  1. Trykk her for å laste ned søknadsskjema for økonomisk stønad og sosiale tenester i NAV.
  2. Du må svare på alle punkta i søknadsskjemaet og dokumentere alle opplysningane.
  3. Send skjema og vedlegg til NAV Lindås, Kvernhushaugane 2, 5914 Isdalstø

Kva skjer vidare?

NAV-kontoret skal sikre at saka di er tilstrekkeleg opplyst før dei handsamar søknaden. Dette skal gjer dei ilag med deg. Du må difor legge ved den dokumentasjon som er viktig for saka di. Manglar vi dokumentasjon, vil vi be deg om det vi manglar. Dette kan forlenge sakshandsamingstida.

Når søknaden din er ferdig behandla får du eit skriftleg vedtak. Tar saksbehandlinga lenger tid enn 4 veker får du eit foreløpig svar.

Klage på vedtak

I vedtaket får du informasjon om korleis du klagar. Klagen må innehalde grunngjeving for klagen og eventuelle nye opplysningar og dokumentasjon. Send klagen til NAV-kontoret.

Kontakt oss

www.nav.no kan du finne opplysningar om kva moglegheiter og rettar du har, og søknadsskjema til dei statlege ordningane. På tlf  55 55 33 33 kan du spørje nærare om dette, eller kontakte pensjonstelefonen 55 55 33 34 dersom spørsmåla dine gjeld pensjon.

Kontoradresse:
NAV Lindås, Kvernhushaugane 2, 5914 Isdalstø

Telefonnummer:
55 55 33 33 i mellom klokka 08.00 og 15.30

Opningstid :
Måndag, tysdag, tordag og fredag mellom klokka 10.00  og 12.00.
Onsdagar har vi stengt. Då kan du berre møte etter avtale.

E-postadresse:
Kontakt oss via Ditt NAV på www.nav.no

Web levert av CustomPublish