Kva meiner du om framtida til Lindås?

I februar inviterer kommunen til fire folkemøte om framtida til Lindås kommune. Tema for møta er kommunereform og ny kommuneplan.

Korleis ønskjer du at Lindås kommune skal sjå ut om fem, ti, tjue år? Kva er viktig for deg i ditt nærmiljø i åra som kjem? Ønskjer du at Lindås kommune skal bli del av ein større kommune?

Lindås kommune står framfor to viktige prosessar, som er heilt avgjerande for framtida til kommunen. For å sikre at innspela dine blir høyrt, inviterer vi til fire folkemøte på følgjande fire plassar:

  • Lindåshallen på Lindås – 16. februar frå 19.00 til 21.00
  • Gymsalen på Alversund skule – 17. februar frå 19.00 til 21.00
  • Nordhordlandshallen i Knarvik – 23. februar frå 19.00 til 21.00
  • Den gamle gymsalen på Ostereidet ungdomsskule – 24. februar frå 19.00 til 21.00

Trykk her for å laste ned powerpointpresentasjonen frå folkemøta.

­– Vi ønskjer å høyre alle innbyggjarane i desse sakene, og legg opp til aktive folkemøte, seier ordførar i Lindås, Astrid Aarhus Byrknes.

Ordføraren håpar på godt oppmøte og mange innspel. Møta startar med ein kort statusrapport frå arbeidet med kommunereforma og rullering av arealplanen til kommuneplanen. Du får også ein grundig gjennomgang av intensjonsavtalen mellom Lindås, Radøy og Meland.

– Møta er opne og krev inga påmelding, men det hadde vore kjekt om folk «meldte seg på» via facebooksida til kommunen – slik at vi får ein peikepinn på kor mange vi møter på dei ulike plassane, seier Aarhus Byrknes.

Meir om kommunereforma:

Vis interessa di for folkemøta på facebook:

Web levert av CustomPublish